Sjalet låg der på bakken framføre døra som ein liten klump. Det var noko som låg inni, noko som likna på ein liten menneskeskikkelse. Ho var ikkje heilt sikker på kva det var, men bestemte seg for å løfta på sjalet. Sakte men sikkert løfta ho det opp, og inni låg det mest nydelege vesen ho nokon gong hadde sett. Ho bestemte seg for å ta dette nydelege spedbarnet med seg inn, og ikkje la det liggja der ute å frysa. Straks ho kom inn i varmen var det akkurat som eit smil breidde seg om munnen på den vesle. I lag med sjalet låg det ein liten lapp
”Ta godt hand om min kjære gut”. Det skal eg, tenkte ho og vikla barnet inn i sjalet og satt seg framføre peisen. Det gnistra behageleg i den. Spedbarnet falt omsider i søvn i armane hennar.
”Å, kan du ikkje fortelja den ein gong til då?” spurte Benjamin undrande. Eit smil breidde seg om munnen hennar i det han sa det. ”Nei, no må du leggja deg”, svarte ho og la sjalet over han. Han ga frå seg eit sukk, men la seg omsider ned for å sova. Ho såg på han i det han falt i søvn, og undra korleis ho kunne blitt så heldig som fann han på trappa si. Men ho måtte fortelje han snart, fortelje han det som verkeleg skjedde.
Brått vakna ho av alarmen som ringde neste morgon. Ho opna auga sakte opp, og såg at det stod 07.00 på den digitale klokka ho hadde ståande på nattbordet. Eg må opp å vekkja Benjamin, han må jo ikkje koma for seint til skulen, tenkte ho. Ho drog den tunge, søvnlause kroppen ut av senga og drog seg deretter opp trappa. Ho kom seg inn døra, og der såg ho Benjamin. Fullt påkledd frå topp til tå, skolesekken på ryggen og sjalet rundt halsen. ”Kva i.. !?”, lenger kom ho ikkje for Benjamin var allereie på vei ut døra. ”Vent! Du må ikkje gløyma matpakka di første skuledagen”, ropte ho etter han. Han kom springande tilbake og snappa til seg matpakka, deretter ga han henne eit kyss på kinnet og sprang av garde igjen. ”Takk, mamma”, ropte han etter ho.
Litt seinare den dagen kom Benjamin heim frå skulen. Han var dekkja i sørpe, og sjalet han hadde rundt halsen var der ikkje lenger. ”Kvar er sjalet ditt?” utbrot ho. Han løfta på skuldra ”Eg veit ikkje, har sikkert mista det”. Ho såg på han fleire gonger for å sjå at han ikkje tulla. ”Har du mista det!? Veit du kva det sjalet betyr for deg… ” ho stoppa opp. Skjønte at ho allereie hadde sagt for mykje. ”Kva meiner du?” spurte Benjamin. Tida var inne for å fortelja han. ”Eg har noko eg må fortelja deg Benjamin”…
Benjamin berre sat der. Stira meiningslaust ut i lufta. Ein tåre rant ned frå kinnet hans. ”Eg meinte ikkje at det skulle bli slik, guten min” , sa ho og strauk han over ryggen. Han trakk skuldra litt til seg i det ho gjorde det. Ho følte plutseleg at det var eit stort mellomrom mellom dei. Eit mellomrom det var vanskeleg å bryta gjennom. ”Eg må finne det sjalet”, sa han berre og tok fatt mot døra. ”Vent!”, ropte ho etter han, men han ville ikkje høyra.
Han leita alle plasser, men han klarte ikkje å finne det. Korleis klarte han å mista det? No skjønte han kvifor mor, eller rettare sagt adoptivmora hans, heile tida fortalte han den historia om sjalet. No måtte han berre finne det. No betydde det noko for han og før syntes han at det var kjekt å ha det, sida han kunne leika at det var det same sjalet som i historia. No var det faktisk det same sjalet.
”No må han snart koma heim!”, tenkte ho. I det ho tenkte det kom han inn døra. ”Å, takk gud! Eg har vore så bekymra for deg!” sa ho. Benjamin subba berre inn døra og la ikkje merkje til ho. ”Eg går og legg meg”, sa han og gjekk opp trappene til rommet sitt.
Neste dag låg det snø på bakken. Vatnet som ikkje var langt frå huset hadde frose til is. Det var verkeleg kaldt ute. Det var på tide for Benjamin å gå på skulen igjen. ”Hade!”, ropte ho etter han i det han forsvann ut døra. Han svarte ikkje, berre gjekk vidare.
Benjamin såg utover over vatnet idet han gjekk forbi. Plutseleg fekk han auga på noko. Han såg ikkje heilt kva det var, men det var noko raudt. Utan at han tenkte seg om, sprang han ut på den glatte isen i håp om at det var sjalet som låg der. Han fant fort ut at det var akkurat det det var. Når han nærma seg sjalet kom det brått ein stor knakande lyd frå isen. Han stod heilt stille, forsiktig nærma han seg sjalet igjen. Plutseleg kom den same knakande lyden igjen, denne gongen var det mykje høgare. Han tok fatt i sjalet og sprang alt han kunne inn mot land. Det gjekk ikkje. Isen sprakk, og med eit hyl datt Benjamin gjennom isen. I lag med boblene frå munnen til Benjamin flaut det raude sjalet opp til overflaten.